ODD NORDSTOGA
Hønefoss Bru 3 3510 Hønefoss, Norway, Hønefoss bru 3, 3510 Hønefoss, Norge, Norway Directions
Wed 21.10.2026 19:00
Odd Nordstoga er ein av sin generasjons aller største låtskrivarar. Songane hans har heilt sidan gjennombrotet i 2004 krope inn i folks hjarte og blitt der. Han er songpoet og spelemann. Han får oss til å danse og han får oss til å gråte. Med vemodet i eine handa og musikkgleda i den andre lagar Nordstoga songar som rører ved livet me lever. Slik skal god musikk vera.
Det er aldri tvil om at denne mannen lever for møtet med publikum. Difor er det heller ikkje rart at folk over heile landet har teke han til seg – i høgtid som i fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennest som ei vitamininnsprøyting, anten han står åleine, med fullt band, i lag med gjester, eller lyfta av strykarar.
Odd er blitt ein nasjonal leverandør av musikk med varig kraft, og når han dreg ut på vegen, har han både gamle skattar og nye songar med seg i skreppa.
No arbeider han med ny, strålande musikk. Og i samband med eit rykande ferskt album som kjem til hausten, tek han med seg sitt glimrande band og vitjar Alles Kulturhus og Byscenen.
Performers
-
Odd NordstogaOdd Nordstoga (born 10 December 1972) is a folk singer, musician, actor and editor from Vinje in Telemark, Norway. In 2004, he went from relative obscurity to becoming the country's biggest selling recording artist, with the phenomenal success of his first solo album proper, "Luring". The album, a fusion of pop and Norwegian folk music, has sold more than 160,000 copies in Norway to date and earned him several Spellemannsprisen awards. For the album Strålande Jul, released together with Sissel Kyrkjebø, he won an unprecedented 11 Norwegian platinum trophies
-
Stageway
Stageway produserer og formidler kultur og underholdning. www.stageway.no