Symfoniske meisterverk - Klassisk Halloween
Wed Oct 28 2026 17:00
Gergely Madaras, dirigent
Christian Ihle Hadland, piano
W. A. Mozart: Ouverture til Don Giovanni
Modest Musorgskij: Natt på Bloksberg
Ernö von Dohnanyi: Symfoniske minutt
Franz Liszt: Totentanz
Franz Liszt: Mephisto-vals, Dansen på vertshuset
Leo Weiner: Heksegryta
Klassisk skrekk og symfoniske grøss
Det er ikkje berre i moderne tid at vi har lete oss fascinere av halloween og skumle saker. Skrekk og gru har alltid vore ein del av både livet og kunsten. Ikkje minst skapte dei romantiske kunstnarane, forfattarane og komponistane verk med tematikk frå dødens mysterium, trolldom og hekser. Dei siste møter vi sjølvsagt på Bloksberg i Musorgskij sitt mest kjende verk, ei skikkeleg symfonisk utblåsing. Konserten byr òg på ein solist, og ein av favorittane til Kork, Christian Ihle Hadland boltrar seg i på same tid virtuos og litt nifs musikk. Totentanz av Liszt byggjer på den gamle mellomaldermelodien Dies Irae (Dommens dag). Liszt hadde sansen for det groteske, og djevelen sjølv byr opp til dans i Mephisto-vals.
Kjenner du historia om Don Giovanni, veit du at det hender skumle og overnaturlege ting på slutten, noko vi òg høyrer i ouverturen til Mozart.
Den ungarske dirigenten Gergely Madaras er ein populær gjest i Kork, og i tillegg til Liszt, tar han med seg to andre ungarske komponistar. Symfoniske minutt av Ernö von Dohnanyi har inga handling om skrømt og monster, men den fargerike musikken er full av fantasi og fargar, så det er lett å drøyme seg bort i ei spennande historie. Leo Weiner var ein sensasjon i samtida, men er no kanskje den minst kjende komponisten på denne konserten, men han bidreg til halloween-stemninga med ei heksegryte av ein komposisjon.
Illustrasjon: Fra Nürnbergkrøniken, Michael Vollgemut 1493 / NRK
_______
Bli med på Korktail med P2s Musikklivet, programmet som tar pulsen på det som rører seg i norsk og internasjonalt musikkliv.
På denne konserten viderefører Kork og NRK «etter konsert-praten» vi tidligere har hatt med både NRKs Etikketaten, Kompass og Musikklivet. Arrangementet foregår i Domus bibliotheca, på skrå over Universitetesplassen foran Aualen. Musikklivet er tilbake med spennende gjester og samtaler rundt både Halloween og skummel musikk.
Bestill ekstrabillett og få en komplett kveld med likesinnede musikkentusiaster, interessante samtaler og ikke å forglemme: Noe godt i glasset. Det blir mulig å kjøpe drikke av forskjellig slag i baren både før og underveis i arrangementet.
Sted: Domus Bibliotheca rett ved siden av Aulaen.
Gratis adgang, men du må hente ut billett og også vise konsertbillett i døren.
OBS: Begrenset antall billetter (ift til antallet i Aulaen).
For forhåndspåmelding, ta kontakt på kork@nrk.no
Arrangementet starter rett etter konsert og varer fra ca 19.30-21.00